Søndag ettermiddag vert det ei større markering i Eidkyrkje med avskil for seniorprest/prostiprest Sigurd Vengen ogsokneprest Carsten Mrusek og innsetting av ny prostiprest HennyKoppen, opplyser prost Rolf Schancke-Eikum.

Sigurd Vengen går over i pensjonisttilværet etter eitpresteliv der han m.a. har vore akademilektor på Norsk Lærarakademii Bergen, prost i Sunnfjord og Midthordeland og no dei siste 8 åraseniorprest og prostiprest i Nordfjord.

Lektor Henny Koppen har gått dentredje veg inn i prestetenesta. Med eit langt liv i skule og høgskule,fullførte ho praktisk teologisk seminar i Tromsø og vart ordinerttil prostiprest i Nordfjord av biskop Halvor Nordhaug i ein alderav 60 år. No skal ho innsettast i denne tenesta, der ho tek overstafettpinnen etter Sigurd Vengen. Henny har tidlegare vorekrinssekretær for KFUK-M i Nordfjord og er aktiv i kristen arbeid iStryn og Nordfjord. Ho dirigerer fleire kor og er speidarleiar foreit blomstrande speidararbeid i Stryn.

- Ho har vore medlem iBjørgvin bispedømeråd og har stilt villig opp som vikarorganist iprostiet. Så den nye prostipresten har med seg mykje erfaring inn itenesta, seier prost Rolf Schancke-Eikum.

Prosten vil stå for innsettinga. Vereide kyrkjekor meddirigent Anders Rinde vert med.

Carsten Mrusek, tidlegarekatolsk prest i Tyskland, kom som vikarprest til Vågsøyog fekk soknepreststilling i Eid. Med to små «nordfjordingar»reiser familien til Hardanger der Carsten skal starte opp somsokneprest i Jondal og Utne sokn.

Etter gudtenesta vert detkyrkjekaffi på Eid kyrkjetun, der det vert rom for helsingar ogtakk, opplyser prosten.