Politiet hadde Aksjon skuleveg i Innvik fredag morgon, med det politibetjent Eirik Krossen karakteriserer som eit skuffande resultat.

- Før dagens kontroll har vi kontrollert om lag 200 bilar på ulike strekningar i Stryn og har skrive ut eitt forenkla førelegg på grunn av manglande sikring. I Innvik kontrollerte vi 20 bilar og i tre av desse var minst eitt barn usikra. To av førarane fekk 2.000 kroner i førelegg og to prikkar for eitt usikra barn. Den tredje fekk 3.000 kroner i førelegg for to usikra barn. I tillegg fekk ein fjerde bilist førelegg for ikkje å ha brukt sikkerheitsbelte, seier Krossen.

Han fortel at politiet opplevde det same i Innvik i fjor; betydeleg dårlegare sikring av born i bil enn kontrollar viste andre stader i kommunen.

- Det er skuffande på generelt grunnlag og særleg skuffande når kontrollane våre er varsla på førehand og media er fulle av saker om politiet sine aksjonar på skuleveg. Etter dette har vi gjort avtale med skulen om å kome på eit foreldremøte for å snakke om sikring av barn. Vi vil også følgje opp med fleire kontrollar i Innvik, seier Krossen.