Tåka låg tjukk som graut i indre Nordfjord tysdag morgon. At siktforholda i fjorden var minimale, kunne ein både sjå og høyre. Carribean Princess (skip nummer 51 til Olden i sommar)  var på veg inn og nytta heftig tåkeluren. Den forsiktige manøvreringa i frykt for skjær og båtar på fjorden, gjorde at skipet vart nokre minutt forsinka inn til kaia i Olden.

Carribean Princess er heller ikkje noko lite skip, heile 290 meter langt og med eit passasjertal ombord på 3114 i Olden. Ingunn Skåden kunne opplyse at 29 busslaster skulle på utflukter, 13 før klokka 12 og 16 etter.

Cruisesesongen går mot slutten. I morgon kjem gigantiske Britannia (330 meter) til Olden nok ein gong i sommar. 17. september er det klart for meir beskjedne Boudicca, og sesongen vart avslutta 12. oktober med Magellan.