- Dette må då vere årets bilde! skriv ein av dei mange som har sett Bjarte Haugen sitt nydelege bilde frå Osneset i går i gruppa Olden i bilder på facebook.

Blinkskotet vart ikkje akkurat til ved ei tilfeldigheit.

- Eg har venta i ein månad på speglblankt vatn ved Osneset, seier fotografen.

- I dag var det stille, skreiv han då han publiserte bildet på facebook i går.

Responsen let ikkje vente på seg. Det vakre fotografiet der fjella og himmelen speglar seg knivskarpt i vassflata nærmar seg i skrivande stund 900 "likes", og spreier seg stadig på nettet.