Politiet melder at jegeren som sat skårfast på ei fjellhylle i Erdalen er redda ned. Mannen er i god behald, og skal ha vore nede ved 21-tida. Ved 19.30 tida meldte politiet at fjellredningsgruppa som kjem frå Eid Røde Kors hjelpekorps hadde kontakt med mannen og var i ferd med å fire han ned.

Politiet vurderte aldri situasjonen som dramatisk. Difor vart det heller ikkje rekvirert helikopter. Mannen var godt utstyrt og hadde kommunikasjon både via mobiltelefon og jaktradio.