Torsdag kveld var det opning av Oktoberfestbutikken i Stryn. Dermed er innspurten til ein av haustens store dugnadar i gang.

Butikken vart høgtideleg opna med snorklipping, ompamusikk og pølser. Og trass i landskamp i fotball og fullsett kino (der skrekkfilmen Bølgen gjekk) ei talrik forsamling som hadde møtt fram for å få med seg opninga og sikre seg siste nytt innan dirndl og lederhosen.

Dei neste 14 dagane blir det mykje dugnad på Stryn Ping Pong Club og deira medspelarar. Boring, graving, teltrigging (og meir teltrigging), truckkøyring, motering, el- og rørleggararbeid, sanitæranleggoppsett og ei rekkje andre ting må gjerast før festfolket kan innta telta under årets Oktoberfest (som også i år, som alle år, er i september - nærare bestemt 18. og 19.)