I kveld vert kontrakta for leveranse av pendelbane til Hoven Loen-prosjektet signert. Økonomidirektør og salsdirektør for Doppelmayr Garaventa i Sveits er i Loen for å signere leveransen av pendelbana til tett oppunder 70 millionar kroner. Samtidig vil Hoven Loen AS gjennomføre ekstraordinær generalforsamling for vedtak om kapitalauke.

- Total aksjekapital er 100 millionar kroner og vi er no langt oppe på 90-talet i innteikna kapital. Storleiken på aksjonærane spenner frå 50.000 kroner til 35 millionar kroner, opplyser styreleiar Leif Riksheim. Dagleg leiar Richard Grov opplyser at totalprosjektet er på 207,5 millionar kroner. Det betyr at over 100 millionar kroner av det totale Hoven Loen-prosjektet vert lånefinansiert.

Sebi Lüönd, økonomidirektør i Garaventa AG, fortel at Garaventa er inne i ei vurdering om også dei skal gå inn med kapital i prosjektet.

- Vi går ikkje inn i mange selskap, men dette er eit særs spennande prosjekt med ein solid organisasjon. Eg tek med meg vurderingane tilbake til styret, så vil styret ta ei endeleg avgjerd truleg i løpet av oktober, seier Lüönd.

Gravemaskin og borerigg er framme på tomta der toppstasjonen for pendelbana skal byggjast. Med endeleg signert kontrakt for kjøp av pendelbana, startar arbeidet på tomta umiddelbart.

-Vi treng fire veker i oktober for å kome så langt vi bør før vinteren set inn. Får vi ein lengre haust utan snø, er det sjølvsagt bra for framdrifta. Men målet er å starte opp att på fjellet etter påske. Og på seinhausten 2016 skal pendelbana vere operativ slik at vi kan bruke denne til siste del av anleggsperioden og fram til alt står ferdig og klart til opning i mai 2017. Signaturane i dag er viktige milepæler og stort i eit lite lokalsamfunn som Loen, seier Richard Grov.

I går hadde han med dei to representantane for leverandøren av pendelbana opp til Hoven.

- Hoven Loen er ikkje spsielt vanskeleg å byggje ut. Heller temmeleg ordinært, reint teknisk sett. Men bana der ho startar ved fjorden og går rett opp til eit platå med utsikt til fjord, fjell, bre og dalar er heilt spesielt og gjer dette prosjektet unikt. Prosjektet er solid forankra og har ein sterk organisasjon. Dette har vi stor tru på, seier Peter Baumann, sals og marknadssjef i Dopppelmayr Garaventa til Fjordingen.