Stryn tapte i Sogndal

Stryn tapte måndag kampen mot Sogndal II 2-3 på Fosshaugane. Stryn sine mål vart sett inn av Christian Holko og Mathias Eikenes før pause.

Ove Sveen
Publisert: 17.08.2010 kl. 09:45
Endret: 17.08.2010 kl. 09:46

Stryn leia 1-2 ved pause etter at lagkaptein Christian Holko gav Stryn leiinga allereie etter 9 minutt. Holko signerte då sitt mål nr. 29 på 13 kampar. Etter sidebytte kom Sogndal II sterkt og sikra seg 2-3-siger ved Joakim Rudolfsen ein halv time før slutt.

Dermed vart Tornado Måløy sitt tap for Fjøra til ingen nytte for Stryn i kampen om tetplasseringa. Stryn ligg på 3. plass, 5 poeng bak serieleiaren med Eid berre poenget bak.

Les meir i papirutgåva