Løpskongen Helge Hafsås fekk strekk i ein unnabakke etter ca 14 km. Likevel greidde han å vinne det årlege Hadeland maraton på laurdag, skriv Inge Asbjørn Haugen på Kondis.no.

Med temperatur over 20 grader var det eit utfordrande løp, der Helge Hafsås si vane tru gjekk rett i tet og heldt posisjonen frå start til mål, trass i at han altså måtte stoppe fleire gongar undervegs på grunn av strekkskaden. Hafsås vann til slutt ein solid siger, 22 minutt før neste løpar i mål.