Magnar Holvik frå Hornindal og Asbjørn Lunde frå Stryn er utnemnde til æresemedlemmar i Folkeuniversitetet.

– Dei er eldsjeler i ordets rette forstand, og har i over 40 år vore opptekne av folkeopplysing og folkeopplysingstanken. Saman har dei bidrege til auka kunnskapsnivå, folkeopplysing og kulturformidling samstundes som dette har bidrege til levande bygder og auka trivsel, seier Torgeir Toppe, regionrektor Vestlandet ved Folkeuniversitetet. Saman med Reidar Brandsberg, sals- og marknadsansvarleg i Folkeuniversitetet Sogn og Fjordane, kom han til Stryn for å heidre dei to æresmedlemmane.

Folkeuniversitetet er ein institusjon med tradisjonar. 150 år gammal, berre 50 år yngre enn Grunnlova.

- Vi er ikkje ein konkurrent til dei store utdanningsinstitusjonane, men eit supplement for å få utdanning ut til folket, seier Toppe.

Magnar Holvik og Asbjørn Lunde har begge arrangert kurs med stor breidde. Frå handverkstradisjonar og hobbykurs til utdanning på høgt nivå.

- Vi hadde ein periode både examen philosophicum og jus grunnfag i Hornindal. Det er klart dette var ei mulegheit til å skaffe seg høgare utdanning for mange som ikkje hadde høve til å «leggje seg inn» ved eit universitet på grunn av jobb og familie, seier Magnar Holvik, som også fortel om kurs i til dømes grindverksbygging, lafting, treskjering, garnfarging og til og med røykesluttkurs i folkeuniversitetsregi.

Asbjørn Lunde fortel også om eit mangslunge kurstilbod, til dømes frå måling, treskjering og lefsebaking til språk og data og kurs for funksjonshemma.

Regionrektor Vestlandet, Torgeir Toppe, understrekar viktigheita av breidda i tilbodet, men trekkjer spesielt fram jusstudiet som vart tilbode både i Stryn og Hornindal.

- Ein vinter hadde vi 30 personar på jus 1. avdeling i Hornindal. Det er noko av det mest imponerande som har skjedd i Folkeuniversitetet. Og dette er også tanken bak Folkeuniversitetet: Kortreist utdanning. Utdanning der folk bur, seier Toppe.

I dag har ein mange av dei same tilboda, men via «klasserom på nett».

- Men gjennom modernisering, sentralisering og overgang til bruk av moderne teknologiske hjelpemiddel har sjølvsagt litt av den levande kulturen og nærleiken blitt borte, seier regionrektoren, som er glad for å kunne heidre to av dei store eldsjelene i dette arbeidet.

- Det blir berre utnemnt eit par æresmedlemmar til i løpet av året, så dette heng høgt, understrekar Toppe.

Under æresutnemninga fredag var det også to stolte ordførarar som hadde rydda plass på timeplanen for å oververe prisutdelinga.

Begge gjev uttrykk for at dei er imponerte over den innsatsen dei to eldsjelene har gjort, og over det tilbodet Folkeuniversitetet har gjeve lokalt i alle desse åra.

- Dette gjev mulegheiter for alle i lokalmiljøet, både til utdanning og til for eksempel ivaretaking av lokale handverkstradisjonar.  Vi set stor pris på den innsatsen som har vore og vert gjort, seier hornindalsordførar Anne-Britt Øen Nygård og stryneordførar Sven Flo.

Asbjørn Lunde har også 40 års fartstid for Folkeuniversitetet. - Som nybakte æresmedlemmer kan de no gå så mange gratis kurs de vil! sa regionrektor Torgeir Toppe under utnemninga.
Magnar Holvik er utnemnd til æresmedlem i Folkeuniversitetet. Her med regionrektor Vestlandet Torgeir Toppe.