Agjeldstunnelen på fv 60 mellom Olden og Innvik har vore open for trafikk nokre dagar. Måndag er det klart for offisiell opning. Då kjem fylkesordførar Åshild Kjelsnes for å kutte snora og erklære det nest siste delprosjektet av fv 60 Olden-Innvik for opent. Med Agjeldstunnelen på plass er Svarthola historie. Dermed er det all grunn til å rekne med betydeleg færre kollisjonar i åra som kjem. Svarthola har vore eitt dei mest ulukkesutsette punkta på fv 60 og har opp gjennom åra kosta mykje i form av materielle skader på bilar som har kollidert.

Spørsmålet mange stiller seg, er kva slags signal fylkesordføraren kjem med måndag i forhold til siste delstrekning som står att. Opprustinga av Olden-Innvik har framleis fem kilometer dårleg veg. Som følgje av lågare overføringar frå staten dei neste åra, har fylkesrådmannen tilrådd å ikkje gjennomføre siste delprosjekt. Tidlegare har fylkestinget lova å fullføre anlegget.