Thomas Hagen frå Olden har blitt major i Telemarkbataljonen. Han har fått jobben som leiar for stridsvogneskadronen.

- Dette er ei stilling eg har hatt lyst på lenge, fortel han til Fjordingen.

Hagen byrja i militæret i 1998, då hadde han førstegongsteneste. Sidan har han tenestegjort i Kosovo og Afghanistan, og gått på befalskulen og krigsskulen. No skal han bli eskadronsjef, med majors grad.

– Det er ein veldig spennande jobb. I Telemarkbataljonen jobbar ein saman med profesjonelle og dyktige folk. Eg skal leie stridsvogneskadronen, på øvingar og om vi vert sendt ut på oppdrag, seier Hagen.

I den nye jobben er han ansvarleg for 70 til 75 mann og 14 stridsvogner, som er Hæren sitt største kampkøyretøy. Dette er ei svært populær stilling, og difor får Hagen berre bli sitjande i to til tre år.

- Målet på sikt er å jobbe meg vidare i Forsvaret. Eg håpar på å jobbe meg høgare opp i gradene, seier han.

Vegard Ystad, kommunikasjonssjef i Hæren, seier at det ligg mykje tillit i å få ei slik stilling.

- Kompanisjefstillingane er dei det er hardast konkurranse om. Det er eit stort ansvar knytt til denne stillinga. Telemarkbataljonen er den skarpaste avdelinga i Hæren og dei må vere klare for å rykkje ut på kort varsel.