Natt til fredag høyrde svigerforeldra til Marianne Sunde mjauing utanfor huset på Nesje i Oppstryn

Der fann dei ein kattunge.

Marianne Sunde sine sonar, som bur hos svigerforeldra denne veka, gjekk dagen etter rundt til alle i grenda for å finne eigaren til kattungen, men utan hell.

– Den er berre to eller tre månader gammal og kan ikkje ha gått så langt. No har vi prøvd å finne eigaren gjennom Facebook også, men ingen har meldt seg. Så vi trur vi trur kanskje nokon har forlate katten der.

Marianne Sunde fortel at svigerforeldra hadde observert ein ukjent bil som stoppa like ved elva som renn forbi huset deira, seint på torsdag og dei trur kanskje dette kan vere personen som sett igjen katten.

No veit dei ikkje kva dei skal gjere med den vesle pusen, som sonene til Sunde har blitt så glad i. Ho håpar at dei finn nokon som vil ta seg av den.