– Det straumar på med turistar, seier butikksjef Wenche Lindvik Aaning.

Den nye Moods of Norway-butikken har hatt ein svært god sommar og opplever ein auke i talet på kundar.

Butikken opna i november og dette er den første sommaren i dei nye lokala.

Aaning trur den nye plasseringa gjer at det kjem fleire kundar.

– Det er inga tvil om at den nye plasseringa har hatt mykje å seie. No er vi lettare å få auge på. Butikken er og blitt større og vi har betre utval av kle, seier ho.

- Det har vore ein travel sommar, og vi fyller på med nye kle heile tida, fortel Maria Renate Lødemel. Ho er visual merchandiser på Moods of Norway-butikken.