Før finalen i gruppespel under Landsfestivalen i gammaldans i Steinkjer, sist laurdag, tok nestleiar i FolkOrg, og konferansier, Helene Myklemyr Bolstad mikrofonen og gav honnør til dei som hadde trødd dansen flittig dei tre dagane det var høve til å danse til god dansemusikk.

- Det er særleg to par som har gjort seg bemerka. Dei har teke imot oppmodinga om å danse medan det har vore konkurranse i lagspel og gruppespel, kvalifiseringar. Dei har trødd dansen også under finalespelet, og dei var med i klassen pardans. Også under open klasse var dei med. I det heile har dei synt fantastisk danseglede, noko vi som arrangerer festivalen set stor pris på. Dei to para kjem frå Spelemannslaget Fjelljom frå Stryn. Eg bed om at Åsa og Bjarne Svarstad og Jorunn Sollid med partnar Arve Støyva kjem fram og får kvar si festivalskjorte.

- Det kan sanneleg trengast eit skjortebyte, for sveitta må de har gjort til gagns, sa Helene Myklemyr Bolstad til stor jubel frå ein fullsett sal der dansen skulle gå til ut i dei små timane.

Fjordingen sin meldar spurde Jorunn Sollid, som også kunne feire rundt tiarår under festivalen, korleis ho kunne opparbeide kondisjon til å danse mest kvar dans under festivalen.

- Eg dansar mykje, gjennom veka kan det bli tre - fire kveldar. «Tysdagssveitten» er ein slik kveld, fortalde ho.

Og sjølvsagt måtte dei fire inn att til meir dans. Og maken til dansemusikk som gruppespelfinalistane framførte, skal ein reise langt for å oppleve.