– Det er avgjerande at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i media, seier Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom (NMU).

Kulturdepartementet sende i starten av juni NRK-plakaten ut på høyring. Plakaten er ein del av statuttane til statskringkastaren. Det er her ein mellom anna finn kravet til minst tjuefem prosent nynorsk, opplyser organisasjonen i ei pressemelding. I sitt høyringssvar ber Målungdomen om framhald av denne regelen.

– Nynorsken er i mindretal. Men nynorskbrukarar har også krav på å sjå språket sitt. I rikspressa er språket mest totalt fråverande, jamvel forbode fleire stader. NRK må fungere som ein motpol og stø opp om nasjonal nynorskbruk, forklarer Karl Peder Mork.

Det totale gjennomsnittet av nynorskbruk i NRK ligg i dag under 25 %-grensa. Det talet er likevel aukande. Målungdomen viser i sitt høyringssvar til NRK Super som dei siste åra har passert minstekravet. Det er Mork godt nøgd med.

– Språket i ein barnekanal som NRK Super har ein viktig pedagogisk verdi. Nynorskbrukande barn får sjå språket sitt på TV i beste sendetid. Bokmålsbrukande barn får lære mindretalsspråket dei ikkje får gjennom andre media. Dette tener alle på, slår Mork fast. Det er uvisst kva som vil skje med språkreglane i NRK. Stortinget skal behandle ei språkmelding om NRK neste år. Mork vonar stortingspolitikarane vil stø opp om nynorsken.

– Som Noregs største kringkastar har NRK eit særskilt ansvar kva gjeld synleggjering av språket. I mai fekk vi Grunnlova på nynorsk, denne stadfestinga av skriftspråket må sjølvsagt bli spegla i ein statskringkastar, avsluttar Mork.