Har du hjarterom og husrom til ein utanlandsk skuleelev? 24.august landar 150 utanlandske ungdommar på Gardermoen. Dei skalgå på norsk vidaregåande skule og bu hos ein vanleg norskfamilie. Framleis manglar mange av dei vertsfamilie, og AFS håpar atno familiar i Stryn vil opne heimane sine og få eit nyttfamiliemedlem.

- Å vere vertsfamilie er spennande, du vert betrekjent både med verda og deg sjølv. Du får ein ungdom inn i husetsom skal vere som ein familiemedlem; med andre ord treng ikkjehuset å skine eller kjøkkenet alltid vere ryddig. Ein familiemedlemer med på kranglane og husråda, så det er ikkje ein gjest du skalha i hus, seier Marit Grønskei, generalsekretær i AFS Norge.

Eleven skal gå på vanleg vidaregåande skule, og AFS Norgeordnar skuleplass til elevane.

- Vertsfamiliar kjem i allestørrelsar og samansetjingar, éin eller to vaksne, med små, store,vaksne eller ingen born, seier Grønskei.

- Det viktigaste er atdu er open for å ta imot ein elev i familien din, og ikkje minst ihjartet ditt. Som vertsfamilie knyt ein ofte band som varer livetut. Som vertsfamilie må du stille med kost og losji, og hjerterom.Ut over det kan du vere så vanleg som berre nordmenn kan vere! Deialler fleste vertsfamiliar bor landleg til, og så lenge ein harsjanse til å komme seg på skulen går det bra!

Utvekslingselevanesom kjem er frå land over heile verda, og har ulike interesser ogkaraktertrekk. Vertsfamiliane får kome med si ”ønskjeliste” medtanke på kjønn, land og interesser, og så prøvar AFS å finne ein sågod ”match” som mogleg.

- Ein treng ikkje føle at ein skalunderhalde og gjere noko ekstra for utvekslingseleven; dei kjem tilNorge for å oppleve vanleg norsk kvardag. Berre det å skulle lagesin eigen matpakke ser mange på som eksotisk, avrundar Grønskei.

Toav dei som framleis trenger familie er Bew og Jolan.  Bew er einpositiv gut som synest det er spennande å lære så mykje om eit nytt land og gler seg å bli kjendmed den norske kulturen og ikkje minst språket. Bew er oppteken av skulen, der han går påengelsk-fransk-programmet. På fritida likar han å lese, sjå på filmeller å ta seg ein jogge- eller sykkeltur. Jolanhar veldig godt humør, er sjølvstendig,moden, ryddig og veldig interessert i å lære. Han gjer det veldiggodt på skulen, er nysgjerrig og lærevillig, og likar å lese fagbøkerom natur, geografi og historie. Han likar også å lesefantasty-bøker, og sjå film og seriar. Jolan er ingenidrettsutøvar, men han deltek gjerne i sportsaktivitetar somfamilieaktivitet. Jolan er verkeleg eit språkmenneske,og for tiden lærer han ni (!) ulike språk.

Om nokon er interessert i å vite meir om korleis dei går fram for å få ein utvekslingselev i huset, så kan dei kontakte AFS.

- Elevane kjem til Norge om ein månad. Det er kort tid å omrømme seg på for å ta imot ein framand ungdom for 10 månadar?

- I år har det gått ekstra saktemed vervinga av vertsfamiliane, men no håpar vi mange tek sjansen og tek avgjerda på kort varsel om å få eit nytt familiemedlem.Det er berre å hoppe i det! Det som er viktig å tenkje på er at detikkje skal krevje så mykje planlegging å få eit nytt familiemedlem: Sålenge du har seng og hjarterom, er det kvardagenutvekslingseleven skal vere med på, og den skal ein jo leveuansett! seier programassistent Martine Tønnesen i AFS til Fjordingen.

- Det er også slik at om ein har feriar planlagt, eller andreting skjer som utvekslingseleven ikkje kan vere med på, så har AFS eitnettverk som kan trø til og hjelpe til. Skal til dømes vertsfamilien til utlandet i haustferien, akn utvekslingseleven bu hos nokre av våre frivillige i denne perioden. Det er med andre ord ikkje meininga at ein skal måtte bruke mykje tid på å planlegge året før utvekslingseleven kjem. Difor ser vi kvart år at mange bestemmer seg i vekene rett før utvekslingselevane kjem, så dette er ikkje noko nytt!

FAKTA OM AFS Norge Internasjonal Utveksling:

• AFS er verdas størsteog eldste utvekslingsorganisasjon.

• Over 150 AFS-elevar frå heileverda er i Norge inneverande skuleår. Samtidig er over 250 norskeAFSarar på utveksling i ulike land.

• AFS har fred som formål, ogønskjer å oppnå dette gjennom å legge til rette for størreforståing og meir kunnskap om andre kulturar.

• AFS er ein ideellnonprofitorganisasjon, basert på frivillig arbeid. AFS er ein avverdas største frivillige organisasjonar med over 30 000 aktivefrivillige på verdsbasis.

• AFS Norge har ein administrasjon i Osloi tillegg til frivillige lokallag rundt om kring i landet. Over 350000 ungdommer har reist med AFS på verdsbasis sidan starten i 1947.

• Over 9000 norske ungdommer har reist med AFS og over 5000 norskefamilier har vore vertsfamilier for ein utanlandsk AFSar.

• Kvartår utvekslar AFS Norge rundt 450 ungdommar.

• På internasjonaltnivå deltek over 13 000 ungdommer på AFS-program.

• Det finstAFS-kontor i ca 60 land, og organisasjonen har ingen politisk ellerreligiøs tilknytning.