Mange skuleelevar og studentar er i desse dagar på hybeljakt.

Forbrukarrådet har difor sett opp ei liste med gode tips og råd for deg som er på jakt etter hybel:

• Bruk kontrakt

• Ikkje betalt usett, ogutan å ha skreve kontrakt

• Sjekk kva husleiga dekkjer

• Undersøkkva vedlikehaldsplikter som følgjer med

• Vær obs påoppseiingstida

• Krev depositumkonto

• Ikkje kjøp garanti

• Gågjennom hybelen saman med utleigar, både ved inn- og utflytting

• Unngåå påta deg ansvar for eit bufellesskap

• Blir du og utleigar ueinige,kan du anten gå til Konfliktrådet, Forliksrådet eller tilhusleigetvistutvala i Oslo, Trondheim eller Bergen

Spørsmål om leige av bustad er ein av dei vanlegaste årsakane til at folk vender seg til Forbrukarrådet.

- Skal du leige saman med andre, er det smart å ha kvar si individuelle kontrakt med utleigar, eller ei felles kontrakt der alle namna står. Står berre ditt namn på kontrakta, er du for eksempel ansvarleg dersom det er nokon av dei andre som let vere å betale leiga. Det bør du unngå, åtvarar Ann Helen Skogly frå Forbrukarrådet.

Husleigekontrakt og skjema finn du på Forbrukarrådet si nettside.

Ved siden av husleiga har du også visse plikter til å halde hybelen i stand. I tillegg til vanleg reingjering har du ansvar for dørlås, dørhandtak, kraner, vassklosett og varmtvassberedar Du må også bytte batteri i røykarslarar og skifte sikringar om desse går.

- Lova er open for å avtale meir, så det er viktig å sjekke kva som ligg i kontraktsvilkåra, seier Skogly.

Hugs å sjekke oppseiingstida. Mykje kan skje i løpet av eitt år, og då er det greitt å vite når du kan seie opp. Det vanlege er å ha tre månadar oppseiingsfrist. Det er også muleg å avtale at du bur i husveret i eit gitt tidsrom, men då må det vere ein god grunn til det, til dømes at huseigar leier ut medan han er på utanlandsreise. Elles skal kontrakta vere på minimum tre år. Unntak er hybel og sokkelleilegheit dersom huseigar bur i huset, då seier regelen eitt år.

Hugs å krevje depositumkonto.

- Sett aldri depositum inn på utleigar sin personlege konto. Då har du ingen kontroll, og det kan bli vanskeleg å få att pengane. Depositum skal stå på ein eigen depositumkonto, og denne skal stå i ditt namn, seier Skogly.