Rundt 100 personar hadde møtt fram til minnemarkeringa ved 22. juli-monumentet i Stryn. Minnemarkeringa vart leia av nestleiar i Støttegruppa for 22. juli i Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva, og i markeringa deltok fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid, prost i indre Sogn, Kjetil Netland  (tidlegare sokneprest i Stryn) og varaordførar i Stryn, Kolbjørn Roset.

Det vart ei verdig markering. Gripande og personleg mintest dei deltakande Hanne Kristine Fridtun, den engasjerte AUF-fylkesleiaren frå Stryn som vart eitt av offera under terrorhandlingane på Utøya, og hennar sterke engasjement for medmennska og samfunnet, særlig dei svakaste blant oss.

Samstundes vart hendingane for tre år sidan sett på i eit grunnlovsperspektiv, kampen for menneskeverdet og trongen for å kjempe mot dei kreftene i samfunnet som ikkje meiner at alle menneske er like mykje verdt, vart sterkt understreka.

Hæreid og Roset la ned krans ved minnemonumentet, før foreldra til Hanne Kristine Fridtun la ned blomster.

Minnemarkeringa var eit samarbeid mellom Stryn kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Grunnlovsjubileet 1814-2014, Den norske kyrkja og Støttegruppen for 22. juli. Alle som var til stades vart også inviterte til vidare samver på serveringsstaden Smak.

Fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid deltok under minnemarkeringa i Stryn. Foto: Gunnhild Sindre