Fiske og vandring er dei produkta som vert tilbydd hos flest av dei naturbaserte reiselivsbedriftene her i landet.

Dette viser ein landsdekkjande studie av naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge, fortel forskar Stian Stensland med Norges miljø- og biovitenskaplege universitet på Ås (NMBU). Rapporten «Naturbasertereiselivsbedrifter i Norge» baserer seg på ei spørjeundersøking som fekk inn svar frå nesten 700 bedrifter. Rapporten viser at tilbodet av naturbaserte aktivitetar for turistar i Norge er stort og variert.

Heile to av tre bedrifter (over 60 prosent) tilbyr fiske eller vandring. Deretter følgjer sykling(35%), jakt (33%), andre aktivitetar på ferskvatn som kano, kajakk,robåt m.m., (32%), båtsightseeing inkludert fjordcruise/havrafting(30%), overnatting knytt direkte til naturopplevelsen (28%),naturfoto (23%), fuglekikking (23%), turriding med hest (22%) ogaktiviteter i/på saltvatn(20%).

Definisjonen på ei naturbasert reiselivsbedrit er at dette er eit kommersielt føretak som tilbyr aktivitetar eller opplevingar i naturen mot betaling. Bedriften er gjennomgåande små, oftast med 1-3 årsverk. Halvparten av desse bedriftene er ikkje med i nokon bransjeorganisasjon, noko som i følgje forskarane truleg gjenspeglar at dei er små, og at mange også føler at dei står på sida av det tradisjonelle reiselivet.

- Nettopp dette at dei er små, og at mange driv annan type næring (til dømes landbruk), gjer at det til no har vore vanskeleg å få kunnskap om tilbodssida i det naturbaserte reiselivet, seier Stensland.

Over halvparten av dei naturbaserte reiselivsbedriftene er i ei oppstarts- eller vekstfase.Bedriftene uttrykkjer generelt sett at omsetning og lønsemd har auka siste tre åra

- Likeeins er dei optimistar og trur på auka lønsemnd i komande treårsperiode. Interessant er det også at livsstils- og berekraftmotiv er viktigare for desse bedriftene enn inntektsmålsetjingar, seier Knut Fossgard, også forskar ved NMBU.

- Bedriftsrapporten frå NMBU kartleggtilbodet av naturbasert reiseliv i Norge og gir oss viktige funnfor det vidare arbeidet innanfor dette segmentet. Det er ei aukendeinteresse for naturbasert reiseliv, samtidig som vi har ei utfordring i å skape ein større meirverdi frå turistar som brukarNorges natur til gratisaktivitetar, sier Per-Arne Tuftin,reiselivsdirektør i Innovasjon Norge

Også Bernt Bucher-Johannessen,dagleg eleiar for HANEN, næringsorganisasjonen for bygdeturisme,gardsmat og innlandsfiske, meiner undersøkelsen er viktig:

-Undersøkelsen får fram eit godt faktagrunnlag og gir ei innsikt inaturbasert reiseliv som bør leggje eit godt grunnlag for både vidareforsking og utvikling av næringa, seier han.