13-års jentene til Stryn tapte 0-2 mot Fortuna Hjørring, men vann kampen mot Hinna FB 1-0 før den siste innleiande kampen i gruppespelet mot Kongsberg. 15-årsjentene står også med ein siger og eitt tap. Dei slo Hinna FB 6-0, men tapte knepent 1-2 for Staal Jørpeland.

17-årsgutane tapte sin første kamp 2-0 mot Hinna FB og spelte uavgjort mot mexicanske Grupo Sherwood 2-2. 13-årsgutane er allereie klare for A-sluttspelet etter sine to  sigrar mot Bogafjell 3-1 og Inter FC frå Finland med 2-0. 14-årsgutane har spelt uavgjort 1-1 mot Brodd og slått Breidablik frå Island 4-0 så langt i gruppespelet. Dei siste kampane i gruppespelet vert spelt i kveld.