Lensmann Inger Lill Lanes åtvarar mot at det er registrert omreisande vinningskriminelle i distriktet.

I går vart ei gruppe på ni personar stoppa i Stryn etter meldingar frå publikum. Fleire personar hadde då gått rundt på dørene til folk i distriktet med pappskilt om at dei var døvstumme eller hadde barn med leukemi, og ville selje leiker for å skaffe pengar til dette «barnet». Nokre er også observerte medan dei fotograferer påhengsmotorar eller rekognoserer der folk har ståande syklar.

- Samtlege av dei ni vi hadde innom viste seg å vere registrert som mobile vinningskriminelle. Det er difor viktig å åtvare folk om at det er registrert slike vinningskriminelle i distriktet, seier lensmannen.

- Erfaringa er at når det kjem slike organiserte vinninskriminelle til distriktet, så forsvinn lommebøker, mobiltelefonar, påhengsmotorar, syklar og anna som er lett å omsetje, seier ho.

Dei ni personane som vart tekne inn for id-sjekk i går, budde på ein campingplass i distriktet.

- Vi var også innom der dei budde. Vi fann ikkje noko tjuvgods. Det er også ein del av opplegget: Dei sit ikkje på tjuvgodset, men har eit depot eller nokon som tek det unna etter kvart. Men vi fann fleire av desse papplakatane der det står «Eg er stum» og liknande, og vi fann også fleire av desse leikene dei sel. Så folk skal vere klar over at dette er organisert, dei må ikkje tru på det som står på desse plakatane, seier lensmannen.

- Folk må ikkje vere naive. Når dei kjem slik på dørene, så er det samstundes ei rekognosering av området for å sjå kva som finst, seier Lanes. Ho fortel at politiet fann folierte bæreposar i samband med at dei tok inn dei ni personane til id-sjekk.

- Dette er vanlege handleposar som er foliebelagt. Då kan dei stele med seg varer frå butikkar utan at alarmen går, dersom varene ligg i posen som er belagt med folie på innsida, forklarer lensmannen.