– Dette er noko heilt anna enn kva er eg vant til. Turen til no har vore gjennomsyra beintøff å vere med på. Det har vore langt, hardt og fantastisk, seier Magnus Moan, som kan skilte med ti medaljar frå olympiske leikar og verdsmeisterskap.

Dei andre gutane er einige. – Det har vore ein fantastisk tur. Landskapet er heilt nydeleg, seier Glenn Solli og Truls Johansen. Solli er tidlegare kombinertlaupar, og Truls Johansen er på B-landslaget i kombinert.

Alle tre er med på opplegget til Viking Tour, som er eit sykkelritt i regi av Lødingen sykkelklubb. Rittet varer ei veke og turen starta i Vågå og blir avslutta same plass. 65 syklistar overnatta i Strynehallen natt til torsdag og fredag.  I dag skal dei sykle frå Stryn og vidare på panoramavegen, før dei enda opp att i Stryn.

Oppvarming til ny sesongFor både Johansen og Moan er dette ein del av oppvarminga til ny sesong. – Det har vore ei fin utfordring og eg har oppdaga nye sider av meg sjølv på denne turen. Dette er ei fin oppvarming til ny sesong, seier Moan.

Delar av kombinertlandslaget er med på sykkelrittet Viking Tours. F.v: Magus Moan, Truls Johansen og Glenn Solli.