På bakgrunn av vurderingar frå PST om auka fare for eit terroråtak på Norge har politiet iverksett førebyggjande tiltak også lokalt. Det betyr væpna politi i Stryn, Hornindal og distriktet elles.

- Vi forheld oss til dei same meldingane som dei andre politidistrikta om eit muleg terroråtak mot Norge. Difor har vi auka beredskapen, seier fungerande regionlensmann i Nordfjord, Inger Lill Lanes, til Fjordingen.

Dette betyr at folk i distriiktet no vil sjå politi som ber våpen lokalt.

- Dette er på grunn av at det er ein generelt auka terrorberedskap i heile landet, seier Lanes, som understrekar at det at politiet vert væpna, er for å skape tryggleik blant folk, ikkje frykt.

- Politiet vil vere ute og patruljere på ulike stader i distriktet, seier ho.

- Det er sagt at trafikknutepunkt skal passast ekstra på, betyr dette auka patruljering av cruisekaiene?

- Ja, det betyr til dømes det.

- Korleis skal folk forhalde seg elles?

- Folk må leve som vanleg, men vi kan vel seie ein kan vere litt vakne. Dersom publikum ser noko som dei oppfattar som mistenkjeleg, så bør dei melde frå til politiet på 02800, seier Lanes.

- Kva med planlagde reiser?

- Følg med i media og følg dei retningslinjene som eventuelt vert gjevne.

Det var i dag føremiddag at PST på ein pressekonferanse opplyste at dei har motteke informasjon om at nokon planlegg å gjennomføre ein terroraksjon i Eurpa,  der Norge var spesielt nemnt. Politiet har difor valt å auke beredskapen over heile landet.

Trafikknutepunkt, som cruisekaia i Olden, vil no verte hyppig patruljert av politet, som etter opplysningane om auka terrorfare vil bere våpen. Foto: Arkivfoto: Kaia Johnsen Viki