Anders Fannemel har funne sommarforma. Honndølen var nest best i kvalifiseringa i 134 m-bakken i polske Wisla i kveld, berre slått av Peter Prevc frå Slovenia.

- Fram til sesongåpninga i Wisla har eg jobba hardt med både teknikken og det daglege treningsarbeidet, seier Fannemel.

Peter Prevc strekte seg til 134,5 m og to gongar 18 og 19,5 som teljande stilkarakterar, medan Fannemel kunne notere seg for 129,5 m og 18, 18,5 og 19 som teljande karakterar. På tredje plass i kvalikven kom Piotr Zyla, Polen, etter eit hopp på 126 m.

Dei norske imponerte som lag i kvaliken, der Rune Velta vart nummer 4 og Andreas Stjernen nummer 6.