Torsdag besøkte tre cruisesskip Olden med gigantiske Queen Victoria i spissen. Dei reisande kunne ikkje unngå å observere bevæpna lokalt politi på kaia. Dette i samband med det generelle terrortrugsmålet mot Norge.

Lensmann Inger-Lill Lanes seier til Fjordingen at det lokale lenmannskontoret føl retningslinjene frå myndigheitene og politi der dei får oppdateringar om situasjonen to gonger dagleg.

-Beredskapen er framleis høg. Vi vil ha synleg politi ute der vi mellom anna oppsøkjer trafikknutepunkt og der mykje folk er samla. Vi har ikkje fått tilbakemeldingar om at arrangement ikkje skal gå som planlagt, seier Lanes.

Ordføraren i Stryn, Sven Flo seier at han torsdag kveld fekk melding frå fylkesmannen der han kom med førespurnad om kommunen ville rapportere om  viktige ting knytta til helse og beredskap. Dette for vidare tilbakerapportering til Helsedirektoraret.

-Eg har hatt møte med politiet i dag omkring politiet og kommunen sin rolle. I den kommunale beredskapen er vi oppsett på ikkje å iverksetje tiltak som kan skape usikkerheit. Vi set ikkje nokon krisestab, men vi er er førebudde på å bidra der det måtte vere behov etter eventuell henvending frå fylkesmannen eller politiet.

-Er det aktuelt å kalle inn alle einingar i den lokale beredskapen?

-Nei, førebels held vi oss til kontakta med myndigheiter og politi, og vi skal avklare forholdet til vår eigen beredskapsplan knytta opp mot sentrale punkt som evakuering og helse. Her blir koordinering opp mot fylkesmannen det viktigaste, seier Flo.

Politiet sitt nærver i Olden fortalde om ein uvanleg situasjon. (Foto: Ove Sveen)