Fjordingen har fått fleire henvendelsar siste dagane etter at eit relativt lågtflygande helikopter har vore i hyppig trafikk over Stryn sentrum og nærområda. Fleire har lurt på kvifor helikopteret har kretsa over Stryn på denne måten, men forklaringa er enkel:

Helikopteret vert nytta i samband med filming for produksjonen av TV-serien Veien tilbake, som skal sendast på TV2. I følgje Veien-tilbake.no skal tidlegare straffedømte/rusmisbrukarar sykle Norge Aust-Vest som eit meistringsprosjekt. Dei dagane deltakarane har vore i Stryn, har dei vore ein del av sykkelrittet Viking Tour.