Fotballtalenta Mia Sæbø og Lisa Malene Sæbø tok i morgontimane i dag sølvmedalje i jenter 16-klassen storturneringa Dana Cup.

Mia Sæbø (15) bur i Stryn og spelar til dagleg på Stryn sitt 2. divisjonslag, medan søskenbarnet Lisa Malene (15), som bur i Ålesund, spelar på Blindheim sitt jenter 15-lag.

- Fortuna-Ålesund er eit samansett lag der dei beste jentene i Ålesund er samla. To av dei på laget spelar på Fortuna-Ålesund sitt damelag i 1. divisjon, og så er resten av laget bygd opp av spelarar frå krets- og sonelag og gjennom regionale uttak. Han som trenar Fortuna-Ålesund er dem tidlegare kretslagstrenaren min, Magne Elde. Det var slik eg vart invitert med på laget, fortel Mia Sæbø på telefon frå Danmark.

- Korleis er det å ta medalje i Dana Cup?

- Veldig, veldig kjekt. Det er ei oppleving for livet å kome så langt i ei så stor turnering!

Fortuna-Ålesund var svært sterke i grunnspelet og vann alle puljekampane sine klart. På grunn av dette fekk dei walk over i 32-delsvinalen, og 16-delsfinalen vart også soleklar siger.

- Vi sleit litt meir kvartfinalen, då vi låg under 0-1. Men så fekk vi utlikning heilt på slutten, og vann til slutt 4-3 på straffekonkurranse, fortel Mia Sæbø, som sjølv sette inn den tredje straffa.

Semifinalen vart ein ny, solid siger, 4-1, og i morgontimane i dag venta finale mot Lyn.

- Lyn er rekna som det beste jentelaget i Norge, og har vunne Dana Cup tre gongar før. Dei er fysisk sterke og eit jamngodt lag. Vi er godt trente, og eit veldig spelande lag, og har fått beskjed om at vi må vere tålmodige, så kjem resultata. Og vi opna veldig godt og gjekk opp i leiing 1-0, fortel Mia Sæbø.

Lyn trykka på, utlikna og gjekk deretter opp i 2-1. Kampen vart punktert mot slutten med ei uheldig klarering frå Fortuna-Ålesund som gjekk i eige mål.

- Dei pressa tøft, og det kosta vanvittig med krefter, men vi vart på ingen måte overspelte, seier Mia Sæbø.

- Kva tenkjer du di eiga fotballsatsing vidare etter dette?

- Eg spelar på damelaget til Stryn i 2. divisjon ut sesongen, og det er alt eg veit så langt. Eg har lyst til å prøve å nå så langt som muleg, så er får sjå kva anledningar som dukkar opp. Kontakta med Fortuna-Ålesund har vore veldig bra for meg, og eg har absolutt lyst til å spele der, om eg får sjansen, seier Mia Sæbø, som tek til på allmennfag studiespesialiserande med idrett ved Stryn vidaregåande skule til hausten.

Søskenbarna Lisa Malene t.v. og Mia Sæbø med sølvpokal og medaljer. Foto: Privat