Anders Fannemel låg an til pallplass i det første rennet i FIS Sommar-Grand Prix laurdag kveld, men strekte seg to-tre meter for kort i det siste svevet i storbakken i polske Wisla. Honndølen var heile helga heilt i toppen på dei gode hoppa sine, og er godt nøgd med starten på Sommar-Grand Prix. Samstundes seier han det var spennande å teste ut det nye konkurranseformatet FIS testar ut.

Det nye formatet som skal nyttast i skiflygingskonkurransar komande vinter vart første gong testa ut laurdag, opplyser FIS. Utøvarane vert seeda i fire grupper i første omgang, og dei seks beste frå kvar gruppe vert kvalifiserte for finalerunden.  Poengsummen frå kvalifiseringa skal også telje i det endelege resultatet, som då vert samanlagt poengsum av kvalik, første og andre omgang.

Slovenske Peter Prevc vann rennet etter å ha hoppa 134.5 m i kvaliken og 129.5 og 132.0 i rennet. Han fekk ein samla poengsum på 415,2.

Pjotr Zyla vart nummer to på heimebane i Wisla med 126.0, 124.0 og 131.5 m og poengsummen 398.5.

Tredjeplassen gjekk til Andreas Wellinger, Tyskland, med hopp på 126.5, 130.5 og 131.5 m og 398,5 poeng.

Beste nordmann vart Andreas Stjernen, som hadde 128,5m  i kvaliken og 126,5 m i første omgang, men med 131,5 m i finaeomgangen i rennet smatt forbi Anders Fannemel i samandraget med 391,8 poeng.

Anders Fannemel var nest best i kvaliken med sine 129.5 m, og hadde også første nest beste hopp i første omgang med 128.0 m, men fall noko nedover lista og misste pallplassen med 126.0 m i finaleomgangen. Han enda på femte plass med 390.5 poeng.

Den vidare rekkefølgja blant dei ti beste vart Rune Velta,  Michael Hayboeck, Gregor Schlierenzauer, Tom Hilde, Severin Freund og Junshiro Kobayashi.

- Eg er godt fornøgd med helga. Eg hadde eit håp om å kunne vere med og kjempe om topp 10 på dei gode hoppa mine dene helga her. Det gjekk litt trått med hoppinga forrige veke, etter ferien, så eg var litt bekymra. Men det viste seg at eg var ein av dei beste på dei hoppa eg traff på, seier Anders Fannemel. Eigentleg beskjedent sagt, i og med at han i praksis var dagens nest beste i to av tre omgangar.

- Så det var veldig positivt. Eg har framleis enkelte hopp som ikkje funkar heilt, og då dett eg igjennom litt, som i 2. omgang i både lagkonkurransen og den individuelle konkurransen laurdag. Men oppsummert ser ting veldig lovande ut for øyeblikket, seier Fannemel.

- Kva tenkjer du om det nye konkurranseformatet? Fungerte det, og blir det enkelt å følgje med på for publikum?

- Eg synest det er spennande. Eg veit ikkje korleis det blir på TV, men for oss utøvarar fungerte det bra og er lett å forstå.