-Biletet frå Hjelle i Oppstryn talar for seg sjølv, og det er uhaldbart og naivt å anlegge søppelcontainarar for oppsamling av søppel frå hytter og fritidseigedomar i området i tilknyting til ein offentleg badeplass, skriv Ragnar Gjørven til Fjordingen.

-Dette er ikkje berre skjemmande, men medfører også sjenerande lukt. Som næraste nabo ber vi ikkje lenger om at ordninga skal revurderast, men vi forlangar at plasseringa av containarane vert flytta til ein meir eigna stad, og at desse berre vert gjort tilgjengelege for hytte- og fritidseigedomane, skriv Gjørven.