Det vart full klaff for Nordfjord Havfiskeklubb då dei sette kursen mot Tromsø for å prøve fiskelukka på kveite..

- Kveita er noko av det tøffaste du kan få på kroken i norske farvatn. Den gjer deg skikkeleg kamp! seier fiskegjengen som reiste nordover: May Liza Johansen, Kato André Bøe og André Rake, Stryn og Geir Harald Fredriksen, Nordfjordeid. Med base i Abornes Fiskecamp hadde dei bestilt guida tur etter kveita dagen etter ankomst, og ettersom dei kom seint fram, vart det planlagt berre ein kort tur rett utanfor campen for å fiske første dagen. Det skulle dei ikkje angre på. Etter berre ein times fiske med heil sild som agn, hylte det i snella til May Liza Johansen. Etter 15-20 minutts kamp, landa ho debutkveita si. Det viste seg å bli den nest største kveita på heile turen, ein rusk på heile 29 kg. Kort tid etter tok Andre Rake debutkveita si og turens største fisk, ein gigant på heile 47,5 kg.- Totalt fekk vi 18 kveiter denne veka, fortel gjengen frå Nordfjord Havfiskeklubb. Det meste av fangsten vart sett ut igjen for å bevare stammen.Nordfjord Havfiskeklubb har allereie planlagt ny kveitetur nordover neste år.