Kulturavdelinga i fylkeskommunen har no gjennomført sluttutbetalinga av spelemidlar til ballbingen i Kreklingen som vart ferdigstilt i fjor sommar. Dei har tilvist 40.000 kroner til Stryn kommune. Anlegget fekk i 2011 tilsegn om inntil kr. 200.000.- av ordinære midlar til nærmiljøanlegg, og det er tidlegare utbetalt kr. 160.000.-

Anlegget er fullført etter gjeldande planar og syner ein totalkostnad på kr. 428.323.-