Rådet for Nordfjord Folkemuseum der Sissel Loen er leiar, ber musea i Sogn og Fjordane intensivere arbeidet for betre tilkomst og parkering til Nordfjord Folkemuseum. Ein  skisse er no utarbeidd i samband med reguleringsplan for området.

Reguleringsplan for Øyrane er lagt ut med høyringsfrist 3. juli. Sandane Småbåtlag planlegg å rive eit gammalt slaktehus og setje opp nytt bygg for sine aktivitetar og lagrung av båtar. Museet har behov for areal til Holvike-jekta og andre utviklingsmulegheiter.

Under møtet orienterte elles Aslaug Nesje Bjørlo om Holvike-jekta og planane for bevarings- og formidlingsbygg. Her har museet fått 100.000 kroner frå Oslo Maritime stiftelse til vidare arbeid.