Natt til onsdag mellom klokka 02.00-02.15 vart det gjort skadeverk på ein bil som stod parkert ved Strynehallen.

Det er sett ein person i området, men politiet veit ikkje kven dette er og ber derfor publikum om tips i saka på telefon 02800.

Saka vert vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor.