Komande måndag er det klart for den femte proffveka i rekkja i Stryn. Dette er eit unikt fotballtilbod til ambisisøse jenter og gutar i alderen 13-16 år. Det heile starta i 2010, og primus motor har vore Johann Sigurdsson i Stryn.

- Vi har 84 spelarar med, 42 gutar og 42 jenter. Dei aller fleste er frå her i fylket med unnatak av to spelarar frå Lommedalen og to med tilknyting til Fet Idrettslag og kretslaget i Oslo, opplyser Sigurdsson.

- Og trenarane har høg kvalitet?

- Ja, vi prøver å gå opp eit hakk kvart einaste år. Vi er så heldige at Paul Lever, som er knytta til det engelske fotballforbundet er med i år også. Han har vore med kvart einaste år. Dessutan kjem akademi-trenaren for keeperane i Manchester City, Chris Williams. Vidare Roar Wold, spelarutviklar i Rogaland og landslagstrenar for jenter 15, samt Brad Douglass frå Coerver Coaching og Carl-Erik Torp, Brann-spelaren som fekk hjartestans under ein viktig kamp i tippeligaen. Også spelarutviklar i Sogndal, Marius Bø vil kome, seier Sigurdsson.

Over halvparten av dei som deltek, kjem til Proffveka for første gong.