Meir enn 100 namn er spela inntil Sp-nominasjonen. Leiar i nominasjonsnemnde Erling Sande ernøgd.

- Dette viser eit stort engasjement knytt til kven som skalvere fylket sine folkevalde. Samstundes viser det at det er mangegode kandidatar å ta av. Dette er bra for Senterpartiet og denvidare nominasjonsprosessen, seier Sande.

Mellom dei mange namna somer komne inn,  finn vi også personar som pr. i dag ikkje er medlemarav partiet.

- Vi gjekk denne gongen ut og ba om innspel frå alleinnbyggarane i fylket og det har også ført til innspel som no blirmed vidare i nominasjonsarbeidet. Nominasjonsnemnda har spurt deinoverande representantane om dei vil stå på lista eller ikkje.Mange har lyst å vere med vidare og det er bra, seier Sande.

Det erlokallaga i Senterpartiet som no tek nominasjonen vidare med framlegg til liste innan20. september i år. Senterpartiet sitt nominasjonsmøte skal haldast 14. november.