Glennen gjev ut debutalbumet sitt “Through my eyes” 1. juni på fleire digitale plattformar.

Alt 25.mai kan ein få tak i musikken på Itunes. Glenn Rand Siglen frå Hornindal, starta karriera offisielt i januar 2015. Sidan den tid har han fokusert på å lage og gi ut musikk.

– No er draumen min blitt ein realitet. Musikken er sjølvprodusert, der eg spelar alle instrument sjølv. Målet med musikken, innspelingane og utgjevinga i seg sjølv er å vise at “alle kan”. Det er eit lavbudsjett- prosjekt, som er gjort for å vise at ein ikkje treng store plateselskap eller mykje pengar for å realisere ein draum, fortel Glenn Rand Siglen.