- Vi kan by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur når vi no har opna årets kulturelle skulesekk for elevane i fylket.

Det seier koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker. Han er stolt over programmet han kan by på for komande skuleår.

– Vi er svært glade for å kunne tilby eit godt og variert program i skulesekken komande skuleår. Både dans, visuell kunst, teater, musikk og litteratur har fått plass. Og i år er det ekstra kjekt å ha fått på plass mange unge kunstnarar frå fylket, seier Høstaker.

Ein av dei unge kunstnarane frå fylket er spellemannprisvinnar og ein av Sogn og Fjordane sine mest kjende artistar, Thea Hjelmeland. Saman med bandet sitt spelar på alle dei vidaregåande skulane i fylket. Den unge artisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar, der den siste plata "Solar Plexus" fekk strålande kritikkar og også spellemannpris for beste indie- plate.

Til Nordfjord kjem distriktsmusikarane i Sogn med «Giovanni frå Dalen» for å lære vekk musikalske sjekketriks. Elevane i Nordfjord får også sjå filmen «Dans for livet», om Vilde som dansar halling og er ein av Norges beste, men som mest av alt vil at bestefaren skal leve så lenge som mogeleg.

Elevar i den vidaregåande skulen får sjå aktuelt teater i blant annna «Do not feed the trolls». «Kom heimatt, gut» tek for seg historia om ein ung mann som legg ut på ein siste tur til bygda der han vaks opp, og er skriven og framført av skodespelar Fredrik Høstaker og komponist Jostein Avdem Fretland, frå høvesvis Førde og Lærdal.

Det aktuelle teaterstykket blir vist for elevane ved Stryn vidaregåande skule tysdag 15. november i Stryn kulturhus.