For andre gong på to år reiser Kjetil Grodås og The Mansfield Band over 7.000 kilometer for å halde konsert. Dei sit no på flyet til New York og skal seinare i dag reise vidare til Omaha i Nebraska der bandet skal halde Elton John Tribute-konsert laurdag.

- Vi gjorde dette i fjor då vi fekk spørsmål frå ein kar eg kjenner i Midwest Medical. Dette er eit stort ambulansefirma med bakke- og luftambulanse. Dei har ein årleg event for tilsette og inviterte, og det heile skjer ved ein stor hangar i Omaha, fortel Kjetil Grodås.

Tysdag kveld hadde han og bandet siste øving i Hornindal før dei sette seg i bilen og reiste til Oslo.

- Klart det er spesielt at dei hentar eit heilt band frå Nordfjord til Nebraska for å spele to år på rad. Det er ærefullt. Samtidig må vi levere varene, seier Grodås rett før avreise.

Les meir om bandet og det spesielle speleoppdraget i Fjordingen si papirutgåve fredag.