Unge kunstnarar frå heile fylket imponerte juryen som skulle vurdere kunstutstillinga:

- Utstillinga syner ei bredde i utrykk innanfor visuellkunsten: måleri, teikning, skulptur, foto og kunsthandtverk i form av sølvkunst og treskjering – dette lovar godt for rekrutteringa til feltet for Sogn og Fjordane. Juryen let seg imponere av mange gode verk der diverre berre eit lite utval kunne bli med vidare til landsmønstringa. Me ynskjer å framheve at det blant dei yngre deltakarane var mange gode arbeid – me vonar de held fram og kjem attende som deltakare på UKM og i åra som kjem, seier Dagrun Reiakvam og Maria Hjelmeland i ei pressemelding.

Frå Stryn kommune deltok Ane T. Nesje frå Loen med Dyret mitt Gaupe.

Frå Hornindal kommune deltok:

Fantasy (teikning) - Iselin Malene Olsen, Vinterstemning(måleri) - Karianne Tomasgard, Sjøormen (måling på lyslykt)- Ailen Mari Olsen, Bilderamme (treskjering) - Synnøve Oline Seljeset.