Camilla Vonheim frå Stryn var blant seks elevar frå siste året ved formgjevingsfag på Hafstad vidaregåande skule som hengde opp utstillinga i fylkesmønstringa i Førdehuset. Ho er sjølv tidlegare deltakar i UKM for Stryn kommune.

55 utstillarar frå heile fylket var representerte med kunsten sin i den store utstillinga.

- Det var kjekt å sjå kva folk har gjort rundt om i fylket. Det var ei spennande oppgåve vi har fått med å henge utstillinga, men vi fekk det til. Dette er faget vårt, seier Miriam Eikås og studievenene sine Camilla Vonheim, Amalie Skjerven, Mailin Lund, Kristina Tonning og Martine Myren.

Fleire ungdomar bidrog på fleire måtar i fylkesmønstringa. Nytt i år var at ein heil medieklasse ved Hafstad vgs. deltok med fotooppdrag i løpet av helga.