For 22. år på rad er Årboka for Sogn og Fjordane på veg ut til abonnentar og butikkar. Ikkje noko anna fylke kan skilte med ei tilsvarande bok som oppsummerer året gjennom nyhende, kvardagsliv, statistikkar og ikkje minst, gode bilete.

- Den store brannen i Lærdal var sjølvsagt den saka som gjorde størst inntrykk då den herja som verst i den hektiske januarnatta i 2014. Også no når månadene har gått og lærdalssamfunnet opplever normale kvardagar att, er bileta av brannen noko som vi vil ta med oss lenge. I Årboka har vi brei dekning av hendingane, der vi føler med dei som mista alt og heidrar dei som gjorde ein heltemodig innsats for å berge så mykje som mogeleg. Det gjorde også stort inntrykk at lokalmiljøa inst i Sogn stilte opp på ein formidabel dugnad for å samle inn over ein million kroner slik at ei kreftsjuk kvinne skulle få litt lenger tid saman med familien sin, fortel årbokredaktør Torbjørn Rørvik i ei pressemelding frå Selja Forlag.

Stor stas var det også for Rørvik å få presentere ei sak om 76-åringen Bjørn Høyvik som flaug to timar åleine med paraglider frå Førde til heimtraktene i Stardalen i Jølster.

- Saka gjorde nok eit ekstra inntrykk på meg, sidan eg alltid har hatt ein draum om å sveve fritt som fuglen, men aldri har hatt mot til å prøve meg, seier han med eit smil.

Rørvik fortel at Årboka for Sogn og Fjordane kvart år har som mål å hente fram saker som kvar for seg er bitar i eit puslespel. Til slutt skal dei ulike bitane vise eit bilete av fylket gjennom heile året.

- Viss vi prøver å finne eit gjennomgangstema i denne utgåva av Årboka , må det vere at fylket opplever eit større press utanfrå enn nokon gong. Politiet, flyplassar, statlege løyvingar, kommunar og jamvel fylket står i fare for å bli teke frå oss. Ikkje ein gong det einaste tippeligalaget fekk vi behalde.

Utgangspunktet for Årboka er kring 50 000 avissider frå dei åtte lokalavisene Firda, Firdaposten, Fjordingen, Fjordabladet, Fjordenes Tidende, Sogn Avis, Ytre Sogn og Firda Tidend, i tillegg til Bergens Tidende, Sunnmørsposten og NRK Sogn og Fjordane.