Folkemusikktrioen MAAR er endeleg ute med sin første singel frå oppfølgjaren til den kritikarroste debutplata ”Vrangsvevd”. Låta, som har fått tittelen Fannemelsvevet, er ein hyllest til skihoppar Anders Fannemel og verdsrekordhoppet hans.

Gladlåta Fannemelsvevet spelar tilbake på både høg puls, nervar og rein glede, og vart til som ein impulsiv reaksjon til verdsrekorden i skiflyging. - Låta vart til i spontant lykkerus under VM i skiflyging i Vikersund vinteren 2015, etter at Britt Pernille sin sambygding, Anders Fannemel frå Hornindal, satt verdsrekord og hoppa heile 251,5 meter! Det var ein fantastisk augeblink og vi er sikre på at begeistringa og jubelen òg kan høyrast i låta, fortel ei engasjert Ellen Brekken i ei pressemelding.

Trioen, som leverer folkemusikk med sin eigen vri, er opptekne av at musikk skal låte spontant og vere smittande. På den nye singelen formidlar dei både leik og energi, samt ei speleglede så stor at den når heilt fram til lyttaren. - På vår andre utgjeving er vi, i likskap med albumet Vrangsvevd, inspirert av møter med folk og stadar, spesielle hendingar og situasjonar som har sett spor i oss. Akkurat som hoppet til Anders Fannemel som gav oss stor gledesrus og førte til singelen Fannemelsvevet, forklarer Britt Pernille Frøholm frå Hornindal.