Linda Gytri frå Oldedalen får tildelt årets musikarpris under Gallakonserten for Førdefestivalen i kveld. Prisen frå Sparebanken Vest er på 30.000 kroner, og blir overrekt av konserndirektør Siren Sundland.

- Det var ei svært hyggeleg overrasking å få telefon frå Hilde Bjørkum om at Sparebanken Vest ville gje årets pris til meg. Ei slik merksemd gjev inspirasjon til å halde fram det kreative arbeidet. Det er mange gode kunstnarar og musikarar både i og frå Sogn og Fjordane, så eg er svært audmjuk og takksam over å motta prisen. Tusen takk! seier Linda Gytri.

«Hun eier en sjelden evne til å uttrykke seg sjøl i hver takt hun skriver og i hver frase hun spiller. Vi kjenner henne uten å ha møtt henne. Det er det som kjennetegner en kunstner», skriv Sindre Bremnes i si melding av Linda Gytri sitt siste album Audire som kom ut tidlegare i år.

- Vi sluttar oss gjerne til den karakteristikken. Linda Gytri har tradisjonsmusikken inne, men likar òg å gå sine eigne, nye vegar. Ho har utvikla ein eigen stil, med stor variasjon og fleksibilitet i uttrykk og teknikk; likevel attkjenneleg og med djupt personleg preg. Sjølv karakteriserer ho musikken sin som gladmelankolsk trekkspelpoesi, heiter det i grunngjevinga for prisen.