Roy Aron Myklebust kom seg gjennom eit syltynt nålauge, og er klar for finale i NM i revy på Høylandet. Han entrar revyscena i kveld.

- Eit klart revyhøgdepunkt, seier ein smilande Myklebust. I kvalifiseringa vart det eit veldig høgt nivå. Difor meinte han at det skulle halde hardt å sikre finaleplass.

- Det gjekk det veldig fint i kvalifiseringa, og eg fekk betre respons enn eg kunne håpe på. Publikum var med på vestlandsnotane, og det var det viktigaste for meg, seier han. Revyartisten synest det er moro med revyfestival. Totalt er det rundt 7000 aktørar og publikummar. Det var fem kvalifiserande rundar med 20 nummer kvar. Berre dei 20 aller beste bidraga kom til dei to finalane laurdag.