Skiskyttaren Tarjei Bø vart tysdag kveld overraskande tildelt Stryn kommune sin kulturpris for 2010 for eit publikum på rundt 300 ved Stryn vidaregåande skule. Dette etter sitt fantastiske OL-gull i stafett i Vancouver 26. februar.
Publisert: 30.03.2010 kl. 20:30
Endret: 01.06.2010 kl. 12:06
Endret: 01.06.2010 kl. 12:06
Før det hadde OL-meisteren fått takk og rosande ord frå mange. Det største av alt var sjølvsagt kulturprisen.
-Heile Stryn heldt pusten då du var ute på din etappe. Du er historisk i Sogn og Fjordane med ditt OL-gull, og du er eit førebilete.
Vi hadde forventningar då du mottok Ungdommens kulturstipend,og du innfridde til fulle. Etter sjukdom bygde du deg opp att trinn for trinn, sa leiar i skule- og kulturutvalet, Jon Olav Kvamme før han tildelte kulturprisen, den heilt spesielle bronseskulpturen laga av kunstnaren Jøran Flo.
Mellom dei som gratulerte var også fylkesordførar Nils R. Sandal:
-Takk for dei fantastiske stundene du har gjeve folket i Sogn og Fjordane i vinter. Du driv ein idrett som krev sjølvkontroll, og du har desse eigenskapane. Det krev mykje å kome dit du er i dag. Vi snakkar om omdømebygging i dag. Du er eit sant døme og ein fantastisk ambassadør for laget, bygda og fylket ditt, sa Sandal.
Leiar i Markane IL, Eldbjørg Hatledal uttrykte kor stolt ho var av Tarjei Bø, og hennar største ønskje på vegne av laget var å få gullskiene hans frå Vancouver til Ullsheim-samlinga.
Godt for Tarjei Bø var det sikkert også å høyre tilbakemeldingane Marit Hjelle i Skiskyttarkrinsen hadde fått frå forbundsstyret: Tarjei hadde glidd godt inn i landslagsmiljøet og han var allereie ein inspirator for andre på laget.
OL-vinnaren var ikkje åleine om å motta heider tysdag kveld. Også åtte andre utøvarar frå Stryn kommune vart heidra, utøvarar som alle er på nasjonalt toppnivå innan sine idrettar. Desse var: Ivar Ulvedal (langrenn), Johan Eirik Meland (skiskyting), Jarle Midthjell Gjørven (skiskyting), Johannes Thingnes Bø (skiskyting), Pål Andre Skrede (skiskyting og skifeltskyting), Helge Hafsås (maraton), Inger Anne Frøysedal (friidrett)og Anna Kirsten Hellevang (skifelt).
