Smaken av festival

Først til sommaren debuterer Stryn med musikkfestival. Men allereie i påskehelga tjuvstarta Veslas Kvartett med ein smakebit.
Publisert: 05.04.2010 kl. 09:56
Endret: 01.06.2010 kl. 12:06
Laurdag stod erfarne jazzmusikarar på scena for å gi publikum ein liten aperitiff på det som er i vente. På Nye Stryn Vertshus fekk publikum oppleve reunionkonsert med Veslas Kvartett.

Bandet består av både lokale og litt mindre lokale herrar. Ketil Rasmussen bur i Stryn og spelar trekkspel og klarinett forutan at han bidreg på vokal. Jon Are Steen er også lokal og spelar gitar. I tillegg har dei Øystein Øye på kontrabass og Leif Hogne Rygh på trompet og vokal, begge frå Volda.

- Når det er stappa så kan vi vel ikkje kalle det noko anna enn ein absolutt suksess, oppsummerer Ketil Rasmussen.

Les meir i papirutgåva