Orheim-minne samla full kyrkje

Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing om predikanten, talaren, musikaren, diktaren og komponisten Matias Orheim frå Stårheim samla full kyrkje i Nedstryn laurdag kveld.
Publisert: 24.04.2010 kl. 19:56
Endret: 01.06.2010 kl. 12:06
Mange i kyrkja kunne minnast Orheim som døde i 1958. For dei var dette ei sterk framsyning. Mellom publikum var også Lars Lotsberg (87) som reiste mykje saman med Orheim.
I stykket kom dei frammøtte tett inn på samlivet mellom Orheim (spelt av Frode Rasmussen) og kona Maria (spelt av Linda Øvrebø).
Liv-Jorun Bergset og Randi-Merete Roset spelte på glas og debuterte såleis ved Sogn og Fjordane Teater.

Les meir i papirutgåva