Med rekordmange band, ny scene og garantert topp stemning, er Malakoff Rockfestival klar til å gå av stabelen frå førstkomande torsdag.
Endret: 20.07.2010 kl. 16:26
Malakoff Rockfestival er rett rundt hjørnet, og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal gler seg meir enn nokon gong til festivalen.
- Vi har ein ny vri med ei ekstra scene, fleire artistar, utvida område og ikkje minst ein kjempegjeng med frivillige, seier Naustdal.
- Eg er superimponert over alle dei gode, norske banda vi kan velje mellom. Eg ser ikkje poenget med å betale i dyre dommar for éit stort kjendt band, når vi kan få fleire band frå Norge som er minst like bra til same prisen, seier festivalsjefen.
- Fjorårets overskot har gått til å leggje rør og kummar til straum og vatn i Malakoff, slik at publikum kan nytte seg av vassklosett og få vaska seg skikkeleg, seier Naustdal.
Heile 34 band og artistar skal stå på scena, noko som er rekordtal for Malakoff.
Les meir i papirutgåva onsdag
