Fekk så hatten passa

Hattesketsjen med frå venstre: Henning Stranden, Torstein Tvinnereim og Inge-Matias Tvinnereim.
Nils Petter Støyva - mannen som har mange roller i sjukehussaka - fekk så hatten passa i sommarrevyen. Harselasen med stryneordføraren er eitt av mange høgdepunkt i "Sommargale Stryn - i sokka og sandala".
Harald Vartdal
Publisert: 25.07.2010 kl. 12:35
Endret: 25.07.2010 kl. 12:35

Gjengen bak sommarrevyen har i år gjort grep som ser ut til å slå godt an. Det går både på arrangement og innhald. Tidlegare showstart og pause før allsongen, betyr mindre publikumspromille og større sjanse for alle til å få med seg poenga. Responsen på premiereførestillina tilseier at det var lurt å gje dei musikalske innslaga større plass. Noko anna ville også vore misbruk av ein kapasitet som Henning Stranden. Han er fullt på høgde med Kristian Valen når det gjeld å parodiere norske og internasjonale artistar. Stor ros også til Marie Kristin Taklo. 19-åringen frå Eid synte at ho har stemmeprakt og scenesjarme.

Innslaget om ordførar Støyva sine mange hattar, er allereie nemnt som eitt av høgdepunkta. På den musikalske sida vil vi også dra fram Marie Kristin Taklo sin hyllest til renovatør Olav Tenden og måten Henning Stranden fekk fortalt historia om då "Snåsa-dåsa" skapte forurore i det svenske kongehuset.

Det vi her har nemnt, er berre litt av innhaldet i revyen. Med unntak av den noko langdryge koffertsketsjen som opningsnummer, var det svært få dødpunkt.

Les meir i papiravisa måndag

Inge-Matias Tvinnereim som fotballinteressert dame med dårleg kjennskap til fotballterminologi.
Torstein Tvinnereim sette Stryn sin historie i eit nytt perspektiv.
Olav Tenden fekk sin hyllest med framføringa av tekst skriven til den tyske Grand Prix-melodien. Marie Kristin Taklo vart akkompagnert av Henning Stranden (t.v.) og Torstein-Tvinnereim på søppeldunkar.